Om skulen

Om Framnes VGS


Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Om lag 200 bur på internatet.

Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger.

Kva kan me tilby deg?

Me ynskjer å drive ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø. Alle skal trivast på Framnes.

Miljøavdelinga saman med tilsette legg til rette for at du kan ha noko å fylle fritida med på Framnes. På kveldstid kan du delta i bibelgrupper, møter, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro i gymsalen, seminar, konsertar m.m. Noko arrangerer skulen, men mykje vert arrangert av elevane sjølve.

Framnes er bra utstyrt for dei som likar å drive idrett, men me kan også tilby noko for den musikkinteresserte. Framnes samarbeider godt med aktørar i bygda og det er kort veg til skisenter både i langrenn og alpint/telemark.

Hugs søknadsfristane!

1. februar - særskilt opptak
6. mars - hovudopptak